Vestlendingene tek «vernskog» på alvor

Gruppa startet arbeidet med å studere vernskog med en tur til Sør-Tyskland.

Med klimaendringane blir naturen også meir sårbar. Dei rette skogbrukstiltaka kan førebyggje naturkatastrofar. Difor vil ein ny gruppe utvikle eit forslag til ei bevisst forvaltning av vernskog på Vestlandet.

I februar 2017 løfta Fylkesmannen i Hordaland temaet «vernskog» på dagsorden i eit møte med Landbruks- og matdepartement. Deretter vart ei arbeidsgruppe for vernskog etablert. Målsetjinga for arbeidsgruppa er: Finne modellar for drift av vernskog i område som er utsett for naturfare/naturkatastofar. Det er eit ynskje å finne tiltak som kan vere førebyggjande mot naturkatastrofar, starte fagleg kompetanseheving og utvikle eit forslag for ei bevisst forvalting av vernskog på Vestlandet.

MINDRE SÅRBARE

Vernskog er forankra i den norske skogbrukslova sidan 20.juli 1893. Fram til arbeidsgruppa vart etablert har det vert lite fokus og få aktivitetar rundt tematikken. Skogen har ein direkte vernfunksjon for menneskjer, bygg, infrastruktur og naturen. Skogen beskyttar mot er naturfarar som snøskred, steinsprang, jordskred, overflateerosjon og flaum. Vidare er skog viktig for å reinse luft og vatn, spesielt i bynære strøk. Skogen sine funksjonar er lite forankra i forvaltinga og elles lite omtalt i samfunnet per i dag. Debatten om klimatilpassing og fleire flaumkatastrofar er grunnen til at ein nå leiter etter kostnadseffektive løysingar for å styrke tilpassingskapasitet og klimarobustheit samt å redusere sårbarheit overfor klimaendringar.

«NY» FAGKOMPETANSE

Det er eit sterkt ynskje å fortsette aktivitetane i arbeidsgruppe for vernskog og utvide dialogen med andre nasjonale aktørar. Gjennom seminar og møter med kommunane vil me erne usikkerheit mellom dei som jobbar med klimatilpassing i forvaltninga og dei som vart ramma av naturskade dei siste åra. Me skal gjere ein innsats for at naturressursforvaltarar og arealplanleggarar kan samarbeide betre og at vernskog blir forankra i regionale og kommunale planar. Me vil førebu eit større prosjekt slik at kommunen får tilgang til den «nye» fagkompetansen dei etterspør. Heilt avgjerande er at skogeigarane som vert involvert i denne samanheng får dekka ekstra kostnadar.

LÆRE AV TYSKARANE

Som kickstart på prosjektet dro gruppa på studietur til Tyskland. Den tyske delstaten Bayern og andre land rundt Alpane har lang tradisjon innan drift og forvalting av vern- skog både i offentlege og private skogområde. Etter eire hundre år med planting av gran, også på dertil ueigna areal og avskoging (beitetrykk) i ellområda, vart problema større enn gevinstane av skogplantinga. I tillegg vart skadane på grunn av biotiske og abiotiske årsaker (stormfelling, barkbille) betydelege. Utover det vart samfunnet i fjellområda ramma av skred og flaumar. For rundt 30 år sidan vedtok politikarane i Bayern å gjere ein innsats for å få opp skog eller sanere skogen for å redusere fare for naturskade. Det var ein viktig og langsiktig vedtak.

SAMARBEID VIRKAR

I Bayern er rundt 60% av ellskogområda de nert som vernskog – vern mot erosjon, skred og aum. Eigedomsstrukturen gjer det vanskeleg å drive eit effektivt og berekraftig skogbruk. Løysinga vart å samarbeide over eigedomsgrensene. Per i dag er 140 ulike samarbeid mellom private skogeigar registrert. Dette utgjer 28 % av alle private skogeigarar i Bayern og innebere 2/3 av det totale private skogarealet. Mange undersøkingar viser at samarbeidet fører til ei aktivitets- auke (hogst, etablering, ombygging) og at det er store forskjellar mellom organiserte og ikkje-organiserte skogeigarar (tømmerpris, risiko, tilskot).

Ulike prosjekt og program med fokus på vernskog, driftsteknikk og eigedomsstruk- turen vart gjennomført, både regionalt og i samarbeid med nabolanda. Skogforvaltin- ga i Bayern har fram til i dag gjort ein stor innsats slik at skogane blir meir vitale og klimarobuste. Prinsippet «close-to-nature-fore- stry» spelar ei viktig rolle i Mellom-Europa. Ein ser skogen meir som eit økosystem og vil utnytte naturlege synergieffektar mens ein fokuserer på klare produksjonsmål, det vil seie at ein ynskjer å ha eire opsjonar (t.d. val av treslag).

ERSTATNING FOR TILTAK

Mykje vernskog areal i Sør-Bayern ligg og i attraktive turområda. Funksjonar som produksjon, vern, miljøverdi og friluftsliv må vere ivaretekne på alle område, men med ulik vekting. Stor befolkningstettheit medfører interessekonfliktar og er utfordrande for skogeigaren og forvalting. Skogeigarane får tilskot som kompenserer ekstrakostnader for tiltak i vernskogområde (20-30% ekstra tilskot, ekstra tilskot for skånsamt uttak, opp til 100% nansiering for vegbygging). Ei føresetnad for at skogeigarar kan motta tilskot er at dei nyttar profesjonelle (serti serte) skogrådgjevar (skogbrukssjef eller koordinator for vernskog) som plan- legg og kontrollerer tiltak i vernskogområde.

RETT SKJØTSEL

Erfaringane har vist at mellom anna feil skjøtsel eller hogstform kan føre til dramatiske resultat (fare for liv og helse). Dei regionale skogbrukssjefane forklarte på mange stasjonar korleis ein utfører tynning med taubane i bratt terreng. Skogeigarane får tilskot for passe hogsttidspunkt i forhold til etterspurnaden. Regelmessige inntekter aukar interessa for skogen mellom skogeigarane. Tynning er nødvendig for å unngå snau ate situasjon og dermed auka fare for erosjon og avrenning. Vidare kan naturforynging etablere seg i tynna skog slik at ein får best tilpassa plantematerial og reduserte plantekostnader. Særleg for vernskog har ein klare målsetjingar om kva treslagsamansetjing ein vil ha i framtida, kva skjøtselstiltak og hogstform som er eigna i område.

STORM GA INSENTIV

Utviklingssjef i Bayern Departementsråd, Hubert Bittelmayer, presenterte det ba erske vernskogkonseptet og nokre hovudpunkt i programmet «Bergwaldoffensive» i München. Mykje arbeid og ressursar vart langt ned for å restaurere/iverksette område der skogen skal bidra til vern for samfunnet. Tilskotsordningar for private skogeigarar har blitt vidareutvikla og gjennom PR-aksjonar har vernskog fått god aksept i befolkninga.

I august 2017 feide ein sterk storm over Sør- Tyskland og gjorde lokalt ekstreme skader i skogane, noko som direkte førte til ei ny endring i bayersk politikk. Parlamentet i Bayern løyvde 200 mill. euro pluss 200 nye stillingar i løpet av 10 år slik at prosessen med klimatilpassing innan skogbruk kan gjennomførast enda raskare og målretta.

Les hele Norsk Skogbruk nr 12 her.

SHARE