Ukategorisert

Funderingar over ein tiurleik

Hordaland: Bakgrunnen min er, kort fortalt, 67 år samanhengande observasjonar av ein tiurleik. I vår hadde eg seks overnattingar på lei- ken. Som elles i naturen er det både opp- og nedturar.



Tekst: Olav S. Haugse

Men bortsett frå åra 2013 og 2014 har eg opplevd samanhengande aktivitet heile denne perioden. Årsak til den tome leiken i -13 og -14 var linjebygginga Sima – Samnanger, med den enorme helikoptertrafikken i den sårbare tida over området. I tillegg til underteikna var dei fleste av den oppfatning at no er fuglane borte for godt. Gleda var sjølvsagt stor når aktiviteten var av godt gamalt merke i 2015 og åra etter. Forvaltning av eit leikområde:

Her er naturleg nok mange teoriar, ingen har det endelege svaret. Til det er dei store samanhengane i naturen altfor kompliserte for det menneskelege sanseapparat. Mine observasjonar og teoriar må berre takast for det dei er:

1) Det grunnleggjande er absolutt ro i leik- området i den sårbare tida frå 1. april til 15. mai. Dette er spesielt viktig frå mørkning til spelet er slutt morgonen etter.

2) Utenom perioden 1/4 til 15/5 har uro og aktivitetar i området ingen betydning.
3) Eg har drive aktivt skogbruk på og rundt leikområdet i 50 år. Veldig viktig å leggja opp til eit variert skogbilete nær sjølve senteret. I dette høvet finn me blanding av gamal furu- skog, små område med granplantingar i alle aldrar og opne myrområde. I 2007 vart det bygd skogsbilveg i kanten av leiksenteret. 4) Til slutt ein spesiell observasjon. Over tid har eg registrert endringar i bruken av

området. Tidlegare var storparten av akti- viteten ute på opne område, myr og glisen furuskog. Over fleire år har fuglane trekt inn i tettare skog. I år var all aktivitet inne i tjuk- kaste granskogen! Årsak? Min teori er kon- geørna. I alle år har denne vist seg å vera den «store stygge ulven». Reven bryr fuglane seg lite om, men er ørna innom leiken reinskar ho området totalt, fuglane kjem ikkje att før dagen etter. Ørnebestanden har auka dramatisk dei siste åra. Nyleg vart det observert fire stykk på ein gong. Det er og Kongeørna som tek det meste av nyfødde reinsdyrkalvar på Oksehalvøya. Er det rett at denne rovfuglen skal vera heilag? Kven er den mest trua – er det ørna eller det matnyttige viltet??