Stafettpinnen

Stafettpinnen: Gull i grønne skoger vestpå

Det siste året har skogbruket på kysten og vestpå gått som det suser. Me har opplevd at prisene stiger, og at aktiviteten aukar for kvart år. Det er lenge sidan ein har hatt slike prisar som no.



Ein ser også at tømmerkjøparane på Vestlandet vil ha meir og at dei er imponert over vårt virke når dei reiser rundt for å sjå våre bestand. Det gjeld både norsk gran og sitkagran.

Desse kjøparane vil ha meir av det utrulege råstoff som me har her vestpå, eit virke tilpassa dagens og framtidas industri. Dette må informerast om og løftast fram for skogeigarane og politikarar som set rammevilkåra for næringa vår. For no ser ein verknaden av den skogreisinga ein har hatt. No kan me på Vestlandet og kysten oppleve vinsten av kva våre forfedre la ned av iver og arbeid.

Ein ser også når ein reiser rundt omkring at den eine tømmerlunna etter den andre dukkar opp på tuna til gardbrukarane. Det gleder ein som er oppteken av gardsskogbruket, at gardbrukarane nyttar vinteren i skogen att, og får ein inntekt av det tidlegare generasjonar har lagt ned av arbeid.

Ny regjeringsplattform er alltid spennande. Venstre i regjering har me i skognæringa på Vestlandet opplevd før. Ein hadde svært blanda opplevingar med Lars Sponheim som landbruksminister, han gjorde tiltak som me har slite med mange år etterpå, som t.d. at planteaktiviteten falt dramatisk. Jeløyaplattforma frå dagens regjering inneheld fleire retningslinjar for skogbruket til meir eller mindre fordel for vestlandsskogen. Treslagsval, infrastruktur og forynging etter hogst er blant utfordringane.