Debatt: Mest effektiv er naturens karbonbinding

Utregninger viser at biologisk fangst og lagring av CO2 i veksande skog er både allsidig og effektiv. Medan teknisk-industriell CCS er mindre effektiv; den er knytt til mindre enn ein halvdel av eit skogareal sin biomasse. Foto: Line Venn

FNs klimapanel meiner at såkalla negative utslepp av CO2 no er heilt nødvendige for å hindra ein sterk auke i global oppvarming, og teknisk karbonfangst og -lagring får mye merksemd. Mer sentral er imidlertid fotosyntesen og tiltak for å auka karbonlageret i naturen – i verdshava og i biosfæren på landjorda. Det har allereie auka betydeleg siste 50 åra.

TEKST: TRYGVE REFSDAL, FORSTKANDIDAT.

Stor merksemd og mykje pengar er brukt på teknisk karbon fangst og lagring (CCS) og gjerne med bruk av bioenergi (BECCS), siste åra. Det er no på høg tid at det vert meir merksemd kring naturen si rolle. «Negative utslepp» knytt til verdshava og biosfæren på landjorda står for betydelege opptak av CO2 frå atmosfæren. Frå 1958, då systematiske målingar av CO2-innhaldet i atmosfæren starta, og fram til i dag har naturen tatt opp og lagra om lag halvdelen av våre CO2- utslepp frå brenning av fossil olje, gass og kol.

Les mer i Norsk Skogbruk nr 1.

SHARE