Portrett

Med hjarte for kystskogen

Helge Kårstad (65) er ein av ganske få innfødde vestlendingar som verkeleg har skogbruk i blodet. Og som trass mange negative trendar er ukueleg optimist på vegne av kystskogbruket. – Skogen veks godt og kan ikkje flyttast til byen, seier han.  



Mannen er fødd og oppvaksen som odelsgut i Bygstad i Sunnfjord. – Bestefar min var kjend som «Plante-Hans», han byrja å plante barskog alt rundt 1900. Eg har sjøl hogd ned mykje av den skogen, fortel Helge Kårstad. Og skogbruk har prega heile livet til denne mannen som dei siste ti åra har arbeidd som prosjektleiar i Kystskogbruket, mest med etablering av tømmerkaier. 

Les mer i Norsk Skogbruk nr 12