Miljødirektoratet vil binde karbon i granskog, naturvernarane sit stille i båten
Den 3. juni kom Miljødirektoratet sin omfattande rapport Klimatiltak i Norge fram mot 2030. Her er det lista opp 85 tiltak for å redusere utslepp innanfor dei aller fleste sektorar. Av desse er det klimaskog som skil seg ut som ein positiv klimaleverandør: Skogen bind og lagrar karbon direkte frå lufta gjennom fotosyntesen.